Villreinen
Delar av Vinje kommune ligg i nasjonale villreinområde. Dyra trekk over store område, og det kan variere gjennom året kor reinen held seg. Nokre turar bør du unngå visse tider på året. Du finn tips og råd til turval i Turplanleggaren til Villreinsenteret.
Våren
Våren er kalvingstid, frå midten av april til midten av juni. Då er det veldig viktig at simle og kalv får nok næring og kvile. Om simla blir forstyrra i denne tida, kan ho kaste (abortere) kalven, eller dei kan kome bort frå kvarandre. Kalven klarar seg ikkje utan mora så tidleg i livet. Dette er den mest sårbare tida for villreinen, og du bør legge turen til område utan villrein.
Sommaren
Om sommaren feitar reinen seg opp til vinteren. Då er det viktig at dyra får mykje beitetid, i tillegg til å kvile og fordøye maten. Blir dei mykje forstyrra i denne perioden, har dei dårlegare føresetnader for å klare seg gjennom vinteren. Følg villreinvettreglane for å forstyrre villreinen minst mogleg.
Hausten
Om hausten er det villreinjakt og brunst. Villreinjakta går som regel frå midten av august til midten av september, og i denne tida deler du som turgåar villreinfjellet med reinjegerane. Du kan lese meir om jakt og jakttider.
Når jakta er over, startar brunsten (paringstida), som går frå midten av september og ut oktober. Då samlar villreinen seg i store flokkar, og bukkane målar krefter med kvarandre for å imponere simlene, slik at genane deira kan førast vidare. Blir dei forstyrra i paringstida, kan talet på paringar bli færre enn normalt, og tilveksten i villreinflokken blir mindre enn vanleg.
Vinteren
Vinteren er ei sårbar tid, sidan villreinen då lever på oppsparte ressursar frå sommaren, lav, kvist og tørt gras. Får ikkje reinen nok tid til å beite og kvile, kan det hende han ikkje klarar seg gjennom vinteren. Er ei simle i dårleg kondisjon mot slutten av vinteren, kan ho kaste (abortere) kalven eller føde ein kalv med svært låg vekt. Kalvar med låg vekt har mindre sjanse til å overleve enn kalvar som er fødde med høgare vekt.
Villreinvettreglane
