Beitedyr
I Vinje er det mykje dyr på utmarksbeite. Turgåarar er gode ressursar til oppsyn med beitedyr, og er til stor hjelp for mange bønder.
- 958 19 180
Skadd, daudt eller dyr som treng hjelp
Ring eller send melding til landbrukskontakta i Vinje kommune.
- 35 06 27 77
Får du ikkje tak i landbrukskontakta?
Finn du skadde dyr på Haukelifjell, kan du ringe Haukeliseter Fjellstue.
- 02800
Påkøyrt dyr
Ring politiet. Dei tek kontakt med viltnemnda.
Merk deg farge og nummer på øyremerke eller halsband, og kartposisjonen.
Vi ønskjer òg at du tek kontakt dersom du ser dyr ute mot slutten av oktober og seinare utover hausten og vinteren. Dette er dyr som ikkje har blitt funne under den vanlege sankinga, og som eigaren er på leit etter.
Hugs utvida bandtvang i Vinje kommune frå 1. april til 30. oktober. [BEKREFT: 30. eller 31. oktober? Allemannsretten-teksten seier 31.]
Du som turgåar er til stor hjelp
Mange beitelag får tips frå turgåarar om skadde eller forkomne dyr i fjellheimen. Rask varsling gjer at dyra slepp unødig liding og ofte kan reddast i tide.
Det er òg fint om du seier frå til folk som har lause hundar at dette ikkje er tillate. Det er både sau, geit og kyr på utmarksbeite på Haukelifjell og i områda nedover. Særleg utanlandske besøkande veit dessverre ikkje alltid om reglane for bandtvang i Noreg i sommarhalvåret.
«Men hunden min angrip ikkje sau!»
Ikkje alle hundar riv sauane i filler, men hunden kan likevel gjere stor skade. Dersom hunden jagar sau, skal det ikkje mykje til før sauen blir «sprengd». Det vil seie at sauen spring i vill panikk, over evne, lenger enn det som er naturleg. Dette kan føre til:
- Overoppheting og skadar på lungene.
- At søya og lammet blir skilde frå kvarandre og ikkje finn kvarandre att. Då kan lammet gå til grunne, og søya kan få fryktelege smerter i juret, som kan føre til betennelse, feber og i verste fall død.
- Dyr kan bli jaga ut i vatn, der dei druknar.
- Dyr kan bli jaga utfor fjellskrentar eller skade seg.
Påkøyrsel
Du kan vere uheldig og køyre på eit dyr. Det skjer kvar einaste beitesesong på E134 over Haukelifjell. Du er ikkje den første, og kjem ikkje til å vere den siste. Likevel er det viktig at du seier frå om du køyrer på ville dyr eller produksjonsdyr.
- Merk deg kva retning dyret sprang vidare i.
- Ring politiet på 02800. Det kan vere litt ventetid, så hald ut. Politiet tek kontakt med viltnemnda. Gi dei kartposisjonen om du kan.
- Ikkje spring etter dyret om det spring vekk eller legg seg ned litt unna deg. La det vere i fred.
- Ikkje gå mykje fram og tilbake der påkøyrsla skjedde. La blodspor vere i fred, så blir arbeidet lettare for ettersøkshundane.
- Vent gjerne til viltnemnda kjem, eller merk staden der påkøyrsla skjedde eller dyret sprang vekk, og sei korleis du merkte han.
Hugs: du får ikkje bonustap på forsikringa ved påkøyrsel av dyr, uansett kva dyr det gjeld, så lenge du varslar politiet. Dokumentert varsling er eit krav for å unngå bonustap i mange forsikringsselskap.
Det viktigaste av alt er at du tek ansvar, slik at dyret ikkje lir over tid. Dette gjeld alle dyr. Små dyr får like vondt som store. Lidinga til ein rev er ikkje mindre enn lidinga til ein sau. Skilnaden mellom dei to er berre økonomisk.