Allemannsrett og allemannsplikt

Ferdsel i fjellet

Fjellet rundt Haukeli er heimen til villrein, sau og storfe. Du har rett til å ferdast fritt i utmark – og plikt til å gjere det slik at dyra, bøndene og dei neste som kjem, har det like godt etter deg.

Har du sett …?

Kven du ringer

Meld frå sjølv om du ikkje er sikker. Bøndene og oppsynet er takksame for kvar melding.

  • Skadd, daudt eller dyr som treng hjelp

    Landbrukskontakta i Vinje kommune. Ring eller send melding.

    958 19 180
  • Skadd dyr på Haukelifjell

    Får du ikkje tak i landbrukskontakta: Haukeliseter Fjellstue.

    35 06 27 77
  • Beitedyr ute seint på hausten

    Dyr som ikkje vart funne under sankinga. Meld frå til landbrukskontakta.

    958 19 180
  • Påkøyrt dyr

    Ring politiet, dei varslar viltnemnda. Merk staden, og la dyret vere i fred.

    02800
  • Fare for liv og helse

    Ulukke, skade eller folk som treng hjelp.

    112
Ein flokk villrein på snøkvit vidde

Villreinen

Hald avstand, særleg i mai

  • Vel eit anna område dersom du veit at det er villrein der du hadde tenkt deg.
  • Unngå villreinområda under kalvinga i mai.
  • Følg merkte løyper og stiar.
  • Ha kontroll på hunden, og sjekk lokale reglar for bandtvang.
  • Ser du villrein: hald deg i ro, slik at flokken kan trekkje unna uforstyrra. Bruk kikkert.

Beitedyr og hund

Hunden i band frå april til oktober

1. april–31. oktoberUtvida bandtvang i Vinje kommune. Kven du ringer, og kva du gjer ved påkøyrsel

Gå roleg forbi

Hald avstand til sau og storfe, og gå rundt flokken. Ikkje mat dyra.

Lukk grinda

Grinder og gjerde er der for å halde dyra på rett stad. La dei vere slik du fann dei.

Hunden i band

Ein hund som jagar, kan drive lam ut i vatnet. Det har skjedd ved Haukeliseter.

Meld frå

Bøndene har tilsyn kvar veke, men meldingane frå turgåarar hjelper mykje. Kven du ringer

Allemannsretten

Rettar og plikter i utmark

Du kan ferdast fritt i skog, fjell og myr – uavhengig av kven som eig grunnen. Allemannsretten er lovfesta i friluftslova frå 1957, og han gjeld i utmark, ikkje på gardsplassar, hagar og dyrka mark.

I utmark kan du

  • Gå til fots og på ski
  • Raste og overnatte
  • Ri eller sykle på stiar og vegar
  • Bade, padle og ro
  • Plukke bær, sopp og blomar

Hugs å

  • Telte minst 150 meter frå hus og hytter der folk bur
  • Ikkje tenne bål i utmark frå 15. april til 15. september
  • Ikkje ta snarvegar over innmark og tun
  • La dyre- og fuglelivet vere i fred, særleg i hekketida
  • Ta med deg alt du hadde med

I låglandet kan du telte på same stad i inntil to døgn. På høgfjellet, langt frå busetnad, kan du bli lenger. Fjellvettreglane frå DNT · Les meir om allemannsretten

Start her

Merkte stiar og parkering

Dei beste turane startar der fjellet tåler ferdsel: ved merkte stiar, oppkøyrde løyper og parkeringar med plass til deg.

[KART: innfallsportar, parkering og merkte stiar rundt Haukeli – kvar vil Visit Haukeli sende folk? Avklarast med kunden]

Jakttider

Trygt å gå på tur i jakta

Jegerar og turgåarar har like stor rett til fjellet. Sterke fargar gjer deg lettare å sjå, og møter du ein jeger på post, held det med eit kort hei.

Råd til deg som går på tur i jakta
Villrein
20. august – 22. september
Rådyr
10. august – 23. desember
Hjort
1. september – 23. desember
Elg
25. september – 23. desember

Jakttider for 2026.

Spørsmål om ferdsel?

Vi hjelper deg vidare

Lurer du på kvar du kan gå, telte eller fiske? Skriv til oss, så set vi deg i kontakt med rett person.