Jakt

Jegerar i oransje lue samla rundt eit bål i haustfjellet

Grunneigarane i kommunen har både jaktrett og forvaltingsplikt for viltressursane på eigedomane sine. I Vinje er det lange tradisjonar for å hauste av viltressursane vi har. Jakta handlar også om samhald og om å føre vidare jakttradisjonar og kunnskap, så vel som matauk og forvalting av bestandane på berekraftige nivå.

Når du går på tur i jakttida

  • Kle deg synleg, gjerne i friske fargar.
  • Bruk grusvegane og dei merkte stiane.
  • Bruk dei sentrumsnære stiane og vegane, særleg dei første helgene.
  • Ta kontakt med jegerane du treffer, og spør kvar dei jaktar og kvar du bør gå.
  • Vis omsyn til kvarandre.

Jakttider 2026

Rådyr
10. august til 23. desember
Villrein
20. august til 22. september
Hjort
1. september til 23. desember
Elg
25. september til 23. desember

Det er ofte mest jaktaktivitet i starten av jaktperiodane, og særleg i helgane. Jaktlaga i Vinje kommune har «Jakt pågår»-skilt som dei set opp ved utfartsparkeringar dei dagane dei jaktar. Ser du eit slikt skilt, kan det vere lurt å velje eit anna område om du har høve til det.

Spørsmål om ferdsel?

Vi hjelper deg vidare

Lurer du på kvar du kan gå, telte eller fiske? Skriv til oss, så set vi deg i kontakt med rett person.