Alpint i Vågslid
16 nedfarter og 6 heisar, frå barneområdet Vennebakken til terrengparken i Grasdalen.
Til skisenteret
Haukeli · Vinje i Telemark
Skisenter, fjellstue, bakeri og tømmerhytter der E134 kryssar Haukelifjell. Haukeli er høgfjellet der E134 kryssar mellom aust og vest. Her finn du skisenteret i Vågslid, fjellstua på Haukeliseter og kulturtunet på Mjonøy – ein stad å sove, noko godt å ete og turen du kom for.
Veg, vêr og heisar
Høgfjellet skiftar fort. Sjekk vegen, vêret og heisane før du køyrer.
Ni stader å vakne på fjellet
I Haukelifjell Skisenter
65 senger6 leilegheiter med ski inn og ski ut
Sjå meir Hytter og campingKulturtun i Vinje
13 hytterHistoriske tømmerhus frå Vest-Telemark
Sjå meir FjellstueDNT-fjellstue ved E134
987 moh.Restaurant og eige bakeri, Bakeri Nansen
Sjå meir HotellVed Vågslidvatn
RestaurantSelskapslokale og catering
Sjå meir Camping og hytterHeile året i Edland
14 hytter30 bobilplassar, fiske og bading
Sjå meir Camping og hytterFamiliedrive, langs E134
10 hytterGratis ørretfiske og robåt for gjester
Sjå meir HytterPå Haukeliheia
7 hytterMed båt og fiske i stille natur
Sjå meir HytterVed lysløypa langs E134
500–2000 krper døgn
Sjå meir Hytter og B&BFjellgard i Arabygdi
3 hytterBadestamp, badstove og hundane
Sjå meirVinter i Vågslid
På solsida av fjellet, med snøsikre forhold og bakkar for både barnefamiliar og frikøyrarar.
[BILETE: Vinter i Haukelifjell Skisenter – skiløpar i sol på toppen, breitt utsnitt med heis og fjell. Hentast frå skisenteret.]
Kulturtun i Vinje
Kanelbollar frå steinomnen, tradisjonsmat i Alvstoga og tømmerhytter langs elva. Bakeriet opnar klokka 09.00 – og stengjer når det er utselt.
Kva vil du gjere?
Snøsikre bakkar om vinteren, fiskevatn og vidde om sommaren. Vel sesong.
16 nedfarter og 6 heisar, frå barneområdet Vennebakken til terrengparken i Grasdalen.
Til skisenteretOppkøyrde løyper i høgfjellet, med løypeprofilar og status for preparering.
Allsidig terreng for deg som vil utanfor dei preparerte løypene.
Opplev vinterfjellet bak eit hundespann med Haukeli Husky.
Bu hos Haukeli HuskyLei komplett fjellpulk i skisenteret og ta med heile familien på tur.
Sjå utleigeHaukelifjell og Hardangervidda ligg rett utanfor bildøra. Fjellstua på Haukeliseter er eit naturleg startpunkt.
Før du gårGratis ørretfiske for gjester på Flothyl Camping, fiskerettar hos Velemoen og båt hos Midtveit Hytteutleige.
Bu ved vatnetPadle på stille fjellvatn, eller bad i elva ved campingplassen på Mjonøy.
Sykkelturar på fjellvegar og i dalføret.
Tømmerhus frå gardar i Vest-Telemark, steinomnsbakst og tradisjonsmat på Mjonøy.
Til MjonøyNoko godt på vegen
Steinomnsbakst frå klokka 09.00
Nistepakke og ferskt bakverk på Haukeliseter
Tradisjonsmat med utsikt over Vågslidvatn
Afterski og Vågsliburger av storfekjøt frå Edland
Ferskvaredisk, salatbar og kafékrok
Ope heile døgnet, med hurtiglading
Nytt frå fjellet
No går villreinen inn i kalvingstida. Slik forstyrrar du dyra minst mogleg.
Barnerebus i skisenteret, turar frå fjellstua og kva elles som skjer i haustferien.
Det er trygt å gå på tur i jakttida. Sju råd frå NJFF til turgåarar og jegerar.
Før du reiser
Haukeli ligg langs E134, hovudvegen over fjellet mellom Austlandet og Vestlandet. Haukeliekspressen køyrer ekspressbuss over fjellet. [LENKE: rutetider for Haukeliekspressen]
Om vinteren kan det vere kolonnekøyring eller stengd veg over Haukelifjell. Sjekk vegmeldinga før du reiser, og ha med varme klede og mat i bilen.
Vegmelding frå Statens vegvesenAllemannsretten gir deg rett til å ferdast fritt i utmark, men han kjem med plikter. Ta omsyn til villreinen, ha hunden i band i beitetida og lukk grinder etter deg.
Slik ferdast du i fjelletHytteportalen samlar lokale leverandørar for deg som skal byggje hytte, kjøpe tomt eller pusse opp i Vågslid og Haukeli, mellom anna Haugarne Maskin, Haukeli Rør, XL-BYGG Haukeli, Berge Sag og Trelast og Haukeli Fjellservice.
[AVKLAR: skal Hytteportalen vere med på den nye sida, og i kva form]
Spør oss om Haukeli
Visit Haukeli er drive av Haukeli Næringslag. Lurer du på noko før turen, eller vil verksemda di vere med? Skriv til oss. Spørsmål om ei bestemt hytte eller eit hotell går direkte til staden.