Vis omsyn til villreinen
No på våren går me inn i kalvingstida for villreinen. Då er det ekstra viktig å vise omsyn til dyra og la dei vere i fred om du skulle treffe på dei. Her er nokre tips til kva du kan gjere for å forstyrre dyra minst mogleg.
- Ikkje forstyrr villreinen. Vel eit anna område dersom det er kjent at det er villrein der du hadde tenkt deg.
- Unngå å ferdast i villreinområde under kalvinga i mai.
- Følg merkte løyper.
- Ha kontroll på hunden, og undersøk lokale reglar for bandtvang.
- Hald deg i ro om du ser villrein, slik at han kan trekkje unna uforstyrra.
- Bruk kikkert og hald avstand.
Planlegg turen
Villreinsenteret har ein turplanleggar som viser kvar villreinen held til, og kva område du bør unngå i ulike delar av året.