Gult haustgras og eit lite tjern under tunge skyer på Haukelifjell

Haukeli · Vinje i Telemark

Stopp på fjellet

Skisenter, fjellstue, bakeri og tømmerhytter der E134 kryssar Haukelifjell.

Overnatting

Ni stader å vakne på fjellet

1 / 9

Haukelifjell Skisenter

Vinter i Vågslid

På solsida av fjellet, med snøsikre forhold og bakkar for både barnefamiliar og frikøyrarar.

nedfarter
16
heisar
6
meter fallhøgd
370
meter lengste nedfart
3000

[BILETE: Vinter i Haukelifjell Skisenter – skiløpar i sol på toppen, breitt utsnitt med heis og fjell. Hentast frå skisenteret.]

Mjonøy

Kulturtun i Vinje

Kanelbollar frå steinomnen, tradisjonsmat i Alvstoga og tømmerhytter langs elva. Bakeriet opnar klokka 09.00 – og stengjer når det er utselt.

Opplevingar

Kva vil du gjere?

Snøsikre bakkar om vinteren, fiskevatn og vidde om sommaren. Vel sesong.

Alpint i Vågslid

16 nedfarter og 6 heisar, frå barneområdet Vennebakken til terrengparken i Grasdalen.

Til skisenteret

Langrenn

Oppkøyrde løyper i høgfjellet, med løypeprofilar og status for preparering.

Frikøyring og topptur

Allsidig terreng for deg som vil utanfor dei preparerte løypene.

Fjellpulk for dei minste

Lei komplett fjellpulk i skisenteret og ta med heile familien på tur.

Sjå utleige

Mat og drikke

Noko godt på vegen

  • Mjonøy Bakeri

    Steinomnsbakst frå klokka 09.00

  • Bakeri Nansen

    Nistepakke og ferskt bakverk på Haukeliseter

  • Vågslidtun Hotell

    Tradisjonsmat med utsikt over Vågslidvatn

  • Fjellpuben

    Afterski og Vågsliburger av storfekjøt frå Edland

  • Spar Haukeli

    Ferskvaredisk, salatbar og kafékrok

  • Circle K Haukeli

    Ope heile døgnet, med hurtiglading

Aktuelt

Nytt frå fjellet

Alle saker

Praktisk

Før du reiser

Slik kjem du hit

Haukeli ligg langs E134, hovudvegen over fjellet mellom Austlandet og Vestlandet. Haukeliekspressen køyrer ekspressbuss over fjellet. [LENKE: rutetider for Haukeliekspressen]

Vinterkøyring over fjellet

Om vinteren kan det vere kolonnekøyring eller stengd veg over Haukelifjell. Sjekk vegmeldinga før du reiser, og ha med varme klede og mat i bilen.

Vegmelding frå Statens vegvesen
Ferdsel i fjellet

Allemannsretten gir deg rett til å ferdast fritt i utmark, men han kjem med plikter. Ta omsyn til villreinen, ha hunden i band i beitetida og lukk grinder etter deg.

Slik ferdast du i fjellet
Har du hytte på Haukeli?

Hytteportalen samlar lokale leverandørar for deg som skal byggje hytte, kjøpe tomt eller pusse opp i Vågslid og Haukeli, mellom anna Haugarne Maskin, Haukeli Rør, XL-BYGG Haukeli, Berge Sag og Trelast og Haukeli Fjellservice.

[AVKLAR: skal Hytteportalen vere med på den nye sida, og i kva form]

Kontakt oss

Spør oss om Haukeli

Visit Haukeli er drive av Haukeli Næringslag. Lurer du på noko før turen, eller vil verksemda di vere med? Skriv til oss. Spørsmål om ei bestemt hytte eller eit hotell går direkte til staden.