Gå roleg forbi
Hald avstand til sau og storfe, og gå rundt flokken. Ikkje mat dyra.
Allemannsrett og allemannsplikt
Fjellet rundt Haukeli er heimen til villrein, sau og storfe. Du har rett til å ferdast fritt i utmark – og plikt til å gjere det slik at dyra, bøndene og dei neste som kjem, har det like godt etter deg.
Kven du ringer
Meld frå sjølv om du ikkje er sikker. Bøndene og oppsynet er takksame for kvar melding.
Sau, lam eller storfe som treng tilsyn.
Sau eller storfe på vegen eller utanfor beiteområdet.
Noter tid, stad og gjerne bilete av hunden.
Merk staden og meld frå sjølv om dyret sprang vidare.
Ulukke, skade eller folk som treng hjelp.
Hald avstand, særleg i mai
Hunden i band frå april til oktober
April–oktoberBandtvang i beiteområdet rundt Haukeliseter, melder Kjelavik beitelag. Eigne reglar gjeld for jakt og trening av jakthundar.
Hald avstand til sau og storfe, og gå rundt flokken. Ikkje mat dyra.
Grinder og gjerde er der for å halde dyra på rett stad. La dei vere slik du fann dei.
Ein hund som jagar, kan drive lam ut i vatnet. Det har skjedd ved Haukeliseter.
Bøndene har tilsyn kvar veke, men meldingane frå turgåarar hjelper mykje. Kven du ringer
Rettar og plikter i utmark
Du kan ferdast fritt i skog, fjell og myr – uavhengig av kven som eig grunnen. Allemannsretten er lovfesta i friluftslova frå 1957, og han gjeld i utmark, ikkje på gardsplassar, hagar og dyrka mark.
I låglandet kan du telte på same stad i inntil to døgn. På høgfjellet, langt frå busetnad, kan du bli lenger. Fjellvettreglane frå DNT
Merkte stiar og parkering
Dei beste turane startar der fjellet tåler ferdsel: ved merkte stiar, oppkøyrde løyper og parkeringar med plass til deg.
[KART: innfallsportar, parkering og merkte stiar rundt Haukeli – kvar vil Visit Haukeli sende folk? Avklarast med kunden]
Trygt å gå på tur i jakta
Jegerar og turgåarar har like stor rett til fjellet. Sterke fargar gjer deg lettare å sjå, og møter du ein jeger på post, held det med eit kort hei.
Sju råd frå NJFFJakttider for 2026, frå dagens Visit Haukeli. [Stadfest kvart år]
Vi hjelper deg vidare
Lurer du på kvar du kan gå, telte eller fiske? Skriv til oss, så set vi deg i kontakt med rett person.